Aktuelt

Dagsavisens leder 9.juli:

La dem spise kake.

Bedre argumenter for formuesskatt enn intervjuer med Stein Erik Hagen finner man ikke.

www.dagsavisen.no/debatt/leder/2021/07/09/la-dem-spise-kake/

Røykjaren, folk frå Bærum og dei rike er legale og ynda mobbeobjekt for venstresida.

Korleis er det mogeleg for sentrale folk i dei politiske miljø å ikkje forstå at investeringen er sjølve grunnlaget for aktivitet, arbeidsplassar, løn frå privat næringsliv i staden for NAV, samt resultatet i form av skattebidrag til finansiering av vår velferd?

Dagsavisen 30.juli:

Oppfølgjing med kritikk av Norges største velferdsentreprenør, laksebaron Witzøe.

Rødgrønne politikere reagerer på skatteutspill fra laksemilliardær – Dagsavisen

Som før forrige valg, frontar Dagsavisen arbeidet med å skapa inntrykk av at dei rike ikkje betalar skatt. «Også de rike må bidra». Derimot er Ap-milliardærane Trond Mohn, Gerhard Meidell Alsaker og Kjell Inge Røkke freda.

Ap-milliardær Gerhard Meidell Alsaker har som Ap-milliardær Trond Mohn -eller nokon annen norsk milliardær- ingenting mot å betala skatt. Dei ser berre ikkje fordelen for fellesskapet i ekstrabeskatning av norske eigarar.

Alsaker har ingen sans for de som vil skattlegge oppdretterne hardere, eller innføre arealbeskatning for bruk av fjordene. Tvert imot. Han mener oppdretterne må bli kvitt formueskatten.

– Follalaks i Nordland, som er en del av Cermaq, er omtrent like stor som Alsaker Fjordbruk, men er eid av utenlandske Mitsubishi. Derfor kan Follalaks bruke hele sitt overskudd til å investere i nytt slakteri, kjøpe brønnbåt eller andre ting som sikrer driften. Jeg, som lokal eier, må tappe selskapet for å betale formueskatt. Mitt selskaps lånekapasitet er redusert med 800 millioner kroner i forhold i Follalaks. Det er galskap, sier Alsaker.

Laksemilliardær skyr Oslo-fiffen og mener politikken er full av tullinger (aftenposten.no)

I VG ber Kaski Witzøe om å selgja deler av lakseselskapet Salmar viss han ikkje har pengar til å betala formuesskatten.

Kjære Kaski og Tajik! – VG

Advokat Morten Christophersen gjer eit forsøk på å informera dei om resultatet av sosialistisk skatte-iver på sikt:

Hva tror dere skjer hvis Witzøe selger aksjer i Salmar for å betale formuesskatt? Tror dere at det kommer andre norske eiere og kjøper aksjene, eller tenker dere kanskje at staten skal bli majoritetseier i Salmar også (for staten betaler jo ikke formuesskatt)?

La meg fortelle dere en lite skjult hemmelighet, som det ikke virker som dere vet; det er utlendinger som kommer til å kjøpe Salmar, etter hvert som Witzøe selger seg ned for å betale formuesskatt. 

Sjølvsagt veit dei finanspolitiske talspersonane på venstresida dette. Dei snakkar jo med sine respektive lokalforeiningar. Ved besøk ser dei med eigne auger dei store bidrag frå Thon og Mohn og andre norske milliardærar til lokalsamfunnet. Noko lokalsamfunnet kan gløyma ved salg til utenlandske eigarar. Kaski og Tadjic har vore med såpass lenge at dei er fullstendig klar over dette. Med andre ord, var hensynet til arbeidsplassar og lokalsamfunn det primære, ville dei avskaffa formuesskatten, slik SV gjekk inn for før valget i 2005.

Samling av kapital på privat hånd resulterar i store løft, i form av både investeringar og arbeidsplassar. Leiarane på venstresida veit dette, men mest viktig er retorikken. Realitetar vert omforma til ei nyttig og lett salgbar primitiv forteljing om avstanden mellom fattig og rik.

Ei vidareføring av denne forteljinga er at “nå er det vanlige folks tur”. Nok ein usann variant med problemet at det alltid har vore vanlege folk sin tur. Kven ellers har fått fordelen av 5.000 oljemilliardar sidan landet fekk første milliard på bok i 1973?

1970-talet var høgtida for Arbeiderpartiet og den aktive næringspolitikken. På landsmøtet i 1977 kom rekningen for politikken opp i dagen: All skatt frå 600.000 skattebetalarar gjekk med for å berga 100.000 arbeidsplassar i industrien. Hovedkostnaden kom på slutten av 1980-talet med ein lite omstilt industri og arbeidsløyse på 1930-nivå. I nyare tid har me sett politikken i sving under finanskrisa i 2009. Kostnad: 20 milliardar kroner eller vel ein million kroner for å berga ein arbeidsplass. Under oljekrisa 6 år seinare vart denne kostnaden redusert til ein brøkdel ved hjelp av borgarleg oppskrift; generelle næringsvenlege rammevilkår.

I 2020 fekk arbeidstakarane -som på 1970-talet- krisehjelp via arbeidsgivarane. Med borgarleg oppskrift vart rekningen via dei store arbeidsgivarane kun 80.000 kroner pr arbeidstakar. I etterkant vert denne effektive bistanden til arbeidstakarane no snudd til nok ei forteljing om fordeler til «dei rike».

Hotellkonge Petter Stordalen fekk milliardtap i 2020. Tap reknar konsernet med også i 2021. Etter eit godt resultat i juli, er spørsmålet frå NRK sin utsendte reporter til hotellet: «Er det nå aktuelt å betale krisehjelpen tilbake?»

-Har det så våre «vanlige folks tur» sidan 2013?

Sidan 2013 er velferdspakken til folk flest forsterka med 460 milliardar kroner:

Før forrige stortingsvalg var hovedfokuset på dei tusen rikaste som kvar vart avkrevd 360.000 færre skattekroner til staten. I realiteten er dette annektering av dei mest potente investeringskronene i landet, for overføring til staten. Etter denne skatteletten som utgjorde 1.000 kroner pr dag, heitte det at «regjeringen Solberg prioriterte å gi de store pengene til landets aller rikeste».

Venstresida poengterte det urettferdige i at folk flest berre fekk 10 kroner pr dag i skattelette. Med overkomelege kunnskapar i matematikk, var det mogeleg å rekna ut at denne 10’aren pr dag i skattelette til 4 millionar vanlege folk, utgjorde 14.4 milliardar kroner. Eller 40 gonger meir enn dei 360 millionane i skattelette til desse problematiske rike. I realiteten vart altså fordelinga slik:

Skattelette til ‘folk flest’ vs ‘de rike’:

14.400 millionar kroner vs. 360 millionar.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/svar-pa-spm.-1333-fra-representant-kaski/id2598745/

No er det skattelette på kr. 1,40 som er Arbeiderpartiet si gåve til vanlege folk. 9 milliardar investeringskroner annektert frå dei største jobbskaparane vert behandla som om investorane er upåvirka av skatt.

Dette illustrerar total mangel på kunnskap om kva som ligg bak utvikling og skaping av verdiar.

For å oppnå denne skattereduksjon på 1.000 kroner pr dag, høyrer det med til historien at det må betalast skatt på 20.000 kroner pr dag eller 7,2 million kroner pr år. Dette skattebidraget til folk flest er viktig for eit fellesskap som bevilgar seg eit velferdsnivå på 330.000 kroner pr innbyggjar. For verdens beste velferdspakke er omfordelinga så omfattende at 2 ½ million skattebetalarar kun betalar 41.000 kroner i gjennomsnitt i personskatt. Dei rikaste betalar dermed meir enn 200 i denne gruppa. Dette bidraget passar sjølvsagt ikkje inn i forteljinga til venstresida. Heller ikkje dei titusenvis av dei etterpurde arbeidsplassane som investeringane til landets største jobbskaparar resulterar i.

Uten å ta stilling til motivet for den systematisk desinformasjon, er resultatet at venstresida med statsstøtta Dagsavisen i spissen, underminerar dei faktiske forhold overfor velgjarane. Den kontinuerleg repeterte fortelinga er svært langt unna realitetane. Har ikkje sanninga nokon verdi?

Vår bok Fortellinger og realiteter -borgerlig oppskrift for fellesskapet- vert lansert 16. august med meir detaljar om ovenfornevnde tema.

Del dette innlegget: