Arbeiderpartiet: Om Partilova §17 og historieforfalskning.

Politisk Kvarter 25.juli. Samferdselsminister Nygård gir oss nok ein illustrasjon på sanningsgehalten i AP. Partiet som bygde landet, som veit best for deg og meg. Som no også er i posisjon til å definera kven som har den moralske rett til å bidra økonomisk ved kommune- og stortingsvalg. Partisekretæren til DN: «Vi får støtte fra Fagforbundet og Fellesforbundet som mener vår politikk er den beste».
www.dn.no/etterbors/fremskrittspartiet/arbeiderpartiet/mdg/flere-partier-reagerer-pa-milliongave-fra-omstridt-aksjonsgruppe-til-frp-amerikanske-tilstander/2-1-1491087

-Men skal ikkje oss på borgarleg side ha rett til å støtta politikken som me meiner er best? 

Det heng ikkje på greip, men ein må sjå dette i historisk perspektiv. Handlar det ikkje alltid om veier til makta?
Dagen kom også med ein statsråd si forteljing om korleis det var under 8 år med Regjeringa Solberg. Nygård såg denne perioden som

«8 år med en regjering som hadde brukt pengene på de som har mye fra før».

Løgn. Midlane vart brukt på å forsterka vår felles velferd. Dokumentert med SSB tabell 10725: Realveksten i perioden 2013 – 2019 var på over 32.000 kroner pr. innbyggjar og jevnt fordelt mellom øvre- og nedre del av bordet.

I den grad lønsforskjellar auka under Regjeringa Solberg, var det snakk om ein tusenlapp. Samtidig vart vår felles velferd forsterka med 32.800 kroner.

Figur: I den grad inntektsforskjellar auka under Regjeringa Solberg, var det snakk om ein tusenlapp. Samtidig vart vår felles velferd forsterka med 32.800 kroner.

Venstresida lukkast godt med å etablera ei forteljing om aukande forskjellar og skattelette til «dei rike». Som tidlegare dokumentert var skatteletten til folk flest 40 gonger større enn skatteletten til dei 1.000 rikaste i Norge! Er det grunnlag for å hevda at Arbeiderpartiet vann valget på ei løgn, eller?

I det heile går det ikkje ein einaste dag uten at AP sine representantar serverar løgn. Kvifor er det slik? Er det den dårlege historikken som tvingar fram alle dei varierande «forklaringar»? Om ein har ynskje om å forstå, må turen bakover i tid takast.

Slik mellom anna Jon Hustad i Dag og Tid gjorde etter gjennomgang av boka til Jan Eivind Myhre, Myten om det fattige Norge. En misforståelse og dens historie. Hustad gir oss innleiinga frå boka: «Da Landsorganisasjonen ble stiftet i 1899, var Norge nest fattigst i Europa, bare Irland var fattigere. Det hevdet ihvertfall Yngve Haagensen i 2014.» Dette hevda også Jens Stoltenberg i hans nyårstale 2011, fire år etter at han i ein annen nyårstale hadde lansert månelandinga på Mongstad. Ein tidleg pre-start på Gahr Støre sin «aktive næringspolitikk».

Internasjonalt har Professor Angus Maddison brukt store deler av sitt liv til å henta inn nasjonale statistikkar langt tilbake i tid. I korte trekk: På 1860-talet var eksporten så omfattande at norsk BNP pr. innbyggjar var sterkare enn den svenske. Fram til 1905 og starten av utvikling av norsk vasskraft, utvikla Noreg seg stort sett i takt med Sverige.

Målt ved BNP pr innbyggjar utvikla dei to land seg relativt likt. Kjelde: Historikar Angus Maddison.

Arbeiderpartiet kom til makta i 1935. På tross av eit nedbygd forsvar, påførde general Fleischer i nord og oberst Eriksen på Oscarborg Nazi-Tyskland dei første tap. Samstundes som ordførar Einar Gerhardsen tok tiltak for å inngå hemmelege avtalar med Hitler sine representantar. Samstundes med at ei einstemmig stortingsguppe i Arbeiderpartiet sommaren 1940 ba Kong Haakon abdisera. Tittelen på krigsboka til historikar Aage Sivertsen er ikkje nådig: 9.april 1940 – et historisk bedrag.

Historieskrivinga etter krigen anerkjente ikkje heltane Eriksen, Fleischer, major Oliver Langeland eller Kaptein Eiliv Austlid. Arbeiderpartiet underkjende heltar mens dei utvikla historien om «gutta på skauen». Etter krigen gjorde ikkje regjeringa til statsminister Gerhardsen seg skuldig i småtjuveri av briller og småting. Dei gjekk rett på dei store pengane og starta med tjuveriet av krigsseglarane sine rettmessige hyrer. I tett samarbeid med LO etablerte partiet hemmeleg avlytting, først av kommunistane og seinare av politiske motstandarar.

Dette var operasjonar langt utover Noreg sine lover og mykje meir hemmeleg enn våre pengegåver. Her kan me skilta til partilova, paragraf 17.2. Tidlegare partisekretær Ronald Bye var ein av dei mange som etterkvart dokumenterte ulovleg avlytting heilt inn i Gro Harlem Brundtland si regjeringstid.

AP si forteljing om gjenreising av landet vart ikkje noko meir presis enn krigshistorien. Etter krigsherjingane og opprydding gjekk heile Europa inn i lang og stabil velstandsvekst fram til OPEC-I i 1974. Arbeiderpartiet etablerte no forteljinga «Vi bygde landet». Både i lærebøkene og med stor kraft framført kvar 1.mai på Youngstorget. Med slik tyngde at det høyrdest ut som om borgarleg side roleg hadde stått og sett på alt utført arbeid. Inspirert av Sovjet ga planøkonomi og reguleringsregimet oss Aktiv næringspolitikk versjon 1.0. Med store statlege investeringar, best illustrert ved milliardsluket Norsk Jernverk. Etter kvart er professorane Myhre og Ola Grytten blant dei som har korrigert AP si offisielle forteljing. Seinare kom Jens Stoltenberg med 2.0 og Vestre har no lansert 3.0 med den kostbare vindfangsten i Nordsjøen. Nok eit mageplask med initialkostnad for fellesskapet på 25.000 millionar kroner. Småpengar samanlikna med kostnaden ved Aktiv næringspolitikk vs. 1.0.

Frå 1950 og fram til me fekk første oljemilliard på bok i 1973 tapte Norge terreng overfor Europa år for år. Norge kom godt ut av krigen og hadde eit forsprang på det hardare ramma Europa. Likevel ga det planøkonomiske eksperimentet oss eit tap på 16-17 prosent fram til me vann den store gevinsten i oljelotteriet.

Godt kamuflert av oljemilliardane og dei mange nye offentlege arbeidsplassar, gjekk det svært dårleg med industrien gjennom 1970-talet. LO streika fram lønsvekst på 73 prosent over ein fire-års periode. Eit dårleg omstilt næringsliv vart på 1980-talet utfordra både av eigedoms- og børskrakk. Det toppa seg i perioden 1988-1993 med bankkrise og ei 5-årig arbeidsløyse som historikar Ola Grytten vurderte som meir omfattande enn arbeidsløysa på 1930-talet.

Historikarane har av ein eller annen grunn interessert seg lite for omstillingsperioden frå planøkonomi til normal markedsøkonomi, gjerne tidfesta som gjennomført ved tilbakelagt bankkrise og innføring av det nye skattesystemet i 1992. Eit godt forsøk er boka «Markedsvendingen» av Ola Innset. Illustrerande er resultatet av overgangen i form av nye arbeidsplassar etablert i privat sektor: Fattige 35.000 over perioden 1970 – 1992. Som antal nye arbeidsplassar som venture kapitalen – aktørane i LO sin bendelormsøkonomi – har etablert over 10 år.

I perspektiv skrytte Arbeiderpartiet sin industriminister Bjartmar Gjerde på landsmøtet i 1977 av at dei hadde berga 100.000 arbeidsplassar i 1976 – 1977. Kostnaden av den svært så aktive næringspolitikk vs.1.0 fekk ikkje velgjarane kjennskap til på den tid heller. SSB kan dokumentera: All skatt frå 600.000 skattebetalarar! Trass i dårleg politikk for fellesskapet, vart det ein overlegen seier ved Stortingsvalget i 1977. Med stortingsvalget i 1981 makta Høgre å visa til andre løysingar for samfunnet. LO hadde ikkje lenger begge hender på rattet og det vart mogeleg å kjøpa mjølk og brød etter kl 17. Gro lovde også reverseringar etter at NRK fekk konkurranse av TV2.

Mot dette historiske bakteppet med dårleg politikk kamuflert med løgn, bedrag, regelrett historieforfalskning, ulovleg avlytting, krigsmisæren og den skammelege behandlinga av krigsseglarane, er det litt meir rafinerte metodar røyrsla benyttar i dag. Det er ikkje mindre krevjande å halda saman Arbeiderpartiet av den grunn, som Noregs største samling av særinteresser. Det handlar om systematisk desinformasjon, som siste tiår favnar to Ap-regjeringar. Ei rekkje biografiar har gitt innsikt i den interne kulturen og integriteten til mange av hovedpersonane. Frå Jens Stoltenberg si tid med ein dolk i ryggen til Jagland.

www.nettavisen.no/politikk/jens-stoltenberg-holdt-hemmelige-moter-bak-ryggen-pa-jagland/s/12-95-3423267718

Vidare til nestleiar Tadjik som fekk fjerna nestleiar Giske. Ein Giske som før det hadde enda karrieren til dåværande finanspolitisk talskvinne Marianne Martinsen. Nok eit lovande talent som faktisk hadde studert økonomi. I Civita-pokast #264 avslørar ho kvifor ho slutta å høyra på politiske debattar, etter ein heilt passivt rolle i stortingssalen hennar siste 4 år.

www.vg.no/nyheter/innenriks/i/dyVj1/stoere-vraker-marthinsen-som-finanssjef-i-ap

Arbeiderpartiet lukkast godt med valgkampane etter krigen som partiet for industriarbeidaren og vanlege folk. Samanlikninga med Europa ovenfor viste at løysingane var dårlegare enn i andre land. 2021-valget vann partiet hovedsakleg med forteljinga om aukande forskjel mellom fattig og rik. Historien var strategisk god, men var sanninga større enn forteljinga om krigen og den om «Vi bygde landet»?

Absolutt ikkje! Me fekk høyra mykje om påståtte milliardar i skattelette til dei rike. Om vanlege folk sin tur. Sanninga er at dei 5.000 oljemilliardar me har nytt godt av sidan 1973 har gått til vanlege folk. Ja, kven andre? Ved hjelp av datagrunnlaget til SSB kan det dokumenterast at historien om aukande ulikskap basert på inntekt og skattelette, var nok eit falsum. Best egna til å fjerna oss frå dei store samfunnsspørsmål i det mest omfordelte landet på kloden. Ei teoretisk forskyvning på 1.080 kroner mellom fattig og rik, er så marginalt at det kan havna i kategorien målefeil og andre feilkjelder.

Gini-koeffisienten, sosialistane sin målestokk på ulikskap i utvikling, viser at det først er under noværande regjering at inntektsforskjellane auka.

Av veksten i dei offentlege tenestene på i gjennomsnitt 32.800 kroner pr innbyggjar kjem over halvparten av veksten i helsetenester og sosial tryggleik, inklusiv kontante overføringar til hushaldningane. Desse omfattande tenestene er aldri del av forteljinga når innbyggjarane får historien om aukande ulikskap. Dette er merkverdig all den tid forteljinga ellers er «Vi bygde landet». Tidvis skal det ikkje bety noko at betre utstyrde ambulansar kjem raskarare fram på betre veier til meir moderne sjukehus – utstyrt med fleire og meir kompetente legar og sjukepleiarar enn før.

I det norske mediabiletet må utenforståande vera djupt nede i talmaterialet til SSB for å få koma fram til realitetane, utover det SSB sjølve velgjer å fokusera på. Etter krigen mingla Arbeiderpartiet sine folk mellom politiske posisjonar, SSB og departement. Med 1.000 tilsette har SSB detaljert informasjon om fordeling, ned på kommunenivå. Derimot er analysar av kva private investeringar betyr for sysselsetjing og skatteinngang fråværande. SSB under noværande leiar Geir Axelsen er framleis svært politisk. Axelsen har sjølvsagt ei fortid som statssekretær – for Arbeiderpartiet.

Det passar godt inn i det store biletet at det no er Arbeiderpartiet som skal skilja mellom rett og gale.

Del dette innlegget:

Publisert: 11. desember 2021