Det handlar om systematisk desinformasjon

Før valget i 2017 hadde Dagsnytt 18 sending frå eit studio etablert rett framfor Stortinget. Som før dette valget gjekk det i skattelette og «dei store pengane til dei rike».

Me spurde ansvarleg for sendinga om kvifor ingen gadd rekna ut storleiken på denne skatteletten. Faktum var at «folk flest» fekk 40 gonger meir i skattelette enn dei aller rikaste! 14,4 milliardar kontra 360 «små» millionar kroner.

Oss som står bak vår foreining har over år spurt NRK om kvifor dei godtek denne massivt repeterte og feilaktige påstanden om skatteletten til dei rike. Frå folka i Dagsnytt atten, til avd.sjef Nakkim og heilt opp til kringkastingssjef.

I studioet framfor Stortinget var dåværande sjef for Klassekampen henta inn. LO hadde finansiert ein studie der folk var spurde om «dei rike» burde betala meir skatt. Uten å definera kven som er «rik» eller informasjon som at dei tusen rikaste kvar betalar over 7 millionar kroner i skatt, etter den massivt kritiserte skatteletten. Mimir i studio kunne dokumentera at eit fleirtal av innbyggjarane meinte at dei rike burde betala meir skatt, i verdens mest omfordelte land. Jonas Gahr Støre kunne dermed legitimera å gå til valg på auka beskatning.

På tross av vår påpeikning har aldri NRK gjort forsøk på å belysa omfang og konsekvensar gjennom enkle spørsmål til venstresida:

  1. Var der ingen positive sider ved skatteletten i 2017 til folk flest?
  2. Venstresida harsellerte med skattelette på 10 kroner dagen. NRK har aldri brydd seg med å rekna ut at AP no tilbyr «vanlege folk» kr. 1,40 pr dag. «Vanlige folks tur?»
  3. I 2017 heitte det at skatteletten gjekk ut over både sjuke og eldreomsorg. Går det ikkje ut over velferden når venstresida i dag tilbyr skattelette?
  4. Skatteletten på 14,4 milliardar kroner til folk flest mot 360 millionar til dei aller rikaste er delforklaring på kvifor lønsmessig ulikskap praktisk talt er uendra sidan 2013, ei endring innenfor tusenlappen. Målestokk: Gini-koeffisienten.
  5. I samanlikning av fattig og rik er verdens største velferdspakke aldri del av biletet. Under borgarleg regjering er realveksten over 60.000 kroner pr innbyggjar. Tel ikkje dette noko for vanlege folk?
  6. Så til denne problematiske andelen av skatteletten som går til dei rike. AP vil målretta auka denne skatten med 9 milliardar kroner for dei største jobbskaparane. To og tre gonger meir skatt frå øvrig venstreside. Rødt 34,6 milliardar kroner.
  7. Kvifor evnar ikkje ein einaste programleiar å spørja kva konsekvensen er for investeringar, jobbskaping, skatteinngang og velferd? Styringspartiet AP har ikkje rekna inn ei einaste tapt krone for investeringane. Betyr ikkje investeringar noko for fellesskapet?
  8. Den ekstra skatt resulterar sjølvsagt umiddelbart i tapte investeringar. Kva med signaleffekten året etter mht å investera i Norge? Fagforeiningsleiar Jørn Eggum uttalte på Dagsnytt atten i ein diskusjon om 6-timars dagen at norske jobbskaparar dagleg vurderar om det er lønsomt å gjera neste investering i Norge.
  9. Ei krone investert i Norge resulterar gjerne i ei heil krone i skatt og avgifter for fellesskapet. Kvifor peikar ingen av økonomane i SSB, Rolf Aaberge, Kalle Moene, Agenda, LO og øvrig venstreside på konsekvensen av 9-10 tapte investeringsmilliardar?
  10. Med venstresida sitt einsidige fokus på påstått aukande forskjellar i verdens mest omfordelte land, kva gjer tapte investeringar og arbeidsplassar for forskjells-Norge?

Det handlar om systematisk desinformasjon. Media fungerar som eit passivt mikrofonstativ for venstresida. Store deler av norske media har utvikla seg til ikkje noko mindre enn eit demokratisk problem. 

Aksjonen har dokumentert effekten i ei bok som ledar opp til svar på spørsmålet: «Kva skal me leva av i framtida?»

Fortellinger og realiteter. -Borgerlig oppskrift for fellesskapet-

  Kolofon Bokhandel

Del dette innlegget:

Publisert: 8. september 2021