Kvifor byggja konflikt mellom by og land?

Som heile venstresida byggjer konflikt mellom fattig og rik, konstruerar  Senterpartiet ein konflikt mellom by og land.

Aukande forskjel på fattig og rik? Absolutt ikkje! Høgste internasjonale bustandard. Fellesskapet tek stadig større del av rekningen for innbyggjarane. For lågtløna alt frå SFO til NRK-lisens. For dei som har levd sidan olja strøymde over oss, har vanlege folk fått goder via eit forsterka fellesskap til meir enn ein million kroner, samanlikna med svensken og dansken. Samtidig kan me tillata oss å jobba 200 færre timar enn svensken.

Kapittel 2 i boka vår; Fortellinger og realiteter (Tanum netthandel), stiller spørsmålet: Kva er god politikk for fellesskapet? Det handlar sjølvsagt ikkje om by eller land. Fattig eller rik. Det handlar om eit langstrakt land med 4 milliardar arbeidstimar som må nyttast best mogeleg. Det er sjølvsagt utopi å fortelja folk at dei kan få alle slags tenester akkurat der du bur. Sentralisering har vore del av løysinga, ikkje problemet, sidan dei første busetjingar organiserte seg. Som del av forsvar mot ytre fiendar, som del av rasjonell organiseringa av den daglege kamp for å overleva.

Norge var alltid rikt. På naturressursar. Med 1814 kom utvikling av samfunnsstrukturar. 1905 med full råderett over eige land. I 1973 kom gevinsten i oljelotteriet: Første milliard på bok. Sidan har det vore vanlege folk sin tur. Heile tida. I 1980 passerte me Sverige målt ved inntekt. Danmark i 1990. 

Inntil pandemien ramma oss kunne me pøsa på med oljepengar nærmast ubegrensa. Eller kva skal me sei til lønsbudsjettet i offentleg sektor: Det er like stort som heile det finske statsbudsjettet! Eit land med fleire innbyggjarar enn oss. Eit land som jobbar 300 timar meir enn oss! Med pandemien er det wake-up call. Som resten av verda må også me balansera utgifter og inntekter.

Prioritering er eit framandord for verdens mest omfordelte land. Me har skaffa oss eit klart venstreorientert sytekor. Kvar 6.velgjar ynskjer å leggja SV og Raudt sine ideologisk prinsipp for styring til grunn. Det handlar om å få andre til å ta rekningen. Strategien er enkel: «Vil du at milliardæren skal betala tannlegen din?» Sjølvsagt eit populært forslag.

Problemet er berre at landet rundt slit allerede jobbskaparen med å få verksemda til å gå rundt. Når venstresida skal henta 10-30 ekstramilliardar frå desse jobbskaparane landet rundt, har det ein konsekvens. Jobbskaparane manglar milliardane som kunne gått til utvikling av verksemdene. Det grøne skifte. Innovasjon.

Senterpartiet og øvrig venstreside har eit logisk problem: Ingen har budsjettert med nokon som helst konsekvens av milliardinvesteringane som går tapt. Konsekvensen er forutsigbar som dominoeffekten: Tapte arbeidsplassar, skatteinngang og svekka finansiering av vår framtidige velferd. Ikkje akkurat rakettforskning dette?

Del dette innlegget: